Passerte 50 meter med slegge

Henrikke Antonsen har flytta sin personlege rekord i slegge med over fem meter denne sesongen. Foto: Dimna IL 

Sport

Under eit seriestemne på Byrkjelo stadion torsdag leverte Henrikke Antonsen svært solid kasting i slegge. Ho har tidlegare i år forbetra sin personlege rekord med nærare tre meter samanlikna med fjoråret og kasta 47,93 under eit stemne i Aremark, men i Byrkjelo gjekk slegga endå lenger.

Ifølgje Dimna IL vart lengstekastet denne gongen heile 50,63 og det er nesten tre meter lenger enn hennar tidlegare "pers".