– Beina er veldig gode og forma er bra

Karsten kan fortelje at treningsforma er god, men at han er usikker på kor godt han vil gjere det i konkurranse.   Foto: Privat

Sport

Det meste var som normalt då Karsten Warholm arrangerte KW International på 24-årsbursdagen sin i Ulsteinhallen i slutten av februar. Koronaviruset utgjorde ein større og større del av nyheitsbildet, men ytst få trudde at det kom til å påverke kvardagen i stor grad – i realiteten var Noreg berre to veker unna å bli "stengt ned". Europa- og verdsmeisteren på 400 meter hekk kan fortelje at han har fått trent mykje i denne perioden, sjølv om det også har gått mykje tid til å bygge med lego dei siste månadane.