– Det luggar framleis litt, men det vil kome seg

Eirik Franke Saunes meiner det er svært godt å vere i gang med teljande fotballkampar igjen. Han fortel at det framleis luggar litt for Hødd, men at han trur også det offensive vil kome seg i tida framover.  

Sport

Fredag føremiddag gjorde Hødd unna dei siste førebuingane før bortekampen mot Tromsdalen laurdag. Etter økta samla Eirik Franke Saunes og fleire av medspelarane seg til ein prat.