Tek imot Raufoss på Fosshaugane Campus

Daniel Eid kom inn og scora Sogndal einaste mål i tapet for "Kåffa". No skal "laget frå saftbygda" forsøke å slå tilbake.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det har vore nokre tøffe veker for Sogndal i det siste. Etter å ha opna sesongen strålande med to braksigrar, full pott og seks poeng, har dei no tapt tre kampar på rad. Dei har reist til Oslo to gongar og tapt høvevis 3–1 og 4–1 for Grorud og KFUM Oslo, medan dei også tapte 0–2 for Sandnes Ulf på heimebane. Dette betyr at dei no ligg på 10.-plass med seks poeng på fem kampar.

Fredag kveld kjem Raufoss på besøk, og dei kjem frå ein 2-0-siger mot Kongsvinger på heimebane. Tidlegare i sesongen har dei tapt for Tromsø (1–0) og KFUM Oslo (2–1) på bortebane, spelt uavgjort mot Øygarden (4–4) borte førre runde, og vunne mot Stjørdals/Blink (3–1) på heimebane. Laget frå Vestre Toten vart trekt eitt poeng før sesongen, og ligg dermed på plassen over Sogndal på betre målforskjell.

Daniel Eid hadde starta alle dei fire serierundane før bortekampen mot KFUM Oslo, men han kom inn i pausen og like før slutt scora han faktisk Sogndal sitt einaste mål i kampen. Det betyr at han står med tre mål og ein assist etter å ha starta fire kampar og eitt innbyte. Det er svært sterke tal for ein vingback, og Eid har faktisk scora like mange seriemål i Sogndal som han gjorde i løpet av si tid i Hødd!

Raufoss vil prøve å bygge vidare på sigeren mot Kongsvinger, medan eit Sogndal må finne att sjølvtilliten og kome seg tilbake på vinnarsporet for å henge med i kampen om kvalifiseringsplassane. Då laga møttest i fjorårets sesong, vann Raufoss faktisk 3–1 på Fosshaugane Campus. Får vi ei reprise av den kampen eller kjem Sogndal til å slå tilbake?