Siger for Eid og Sogndal

Daniel Eid spelte så godt som heile kampen då Sogndal slo Raufoss 1-0 fredag kveld.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter tre tap på rad kunne Daniel Eid og Sogndal endeleg juble for tre poeng igjen.

Fredag tok laget imot Raufoss heime på Fosshaugane. Etter ni baklengsmål på dei tre siste kampane kunne laget endeleg innkassere sin første kamp utan baklengsmål.

Kampens einaste mål kom allereie etter 15 minutt og det var Tomas Totland som avgjorde for vertane.

Daniel Eid kom til ein del brukbare innleggsmoglegheiter og slo også nokre farlege innlegg frå sin vingback, men dette vart ikkje ulsteinvikaren sin mest aktive kamp i Sogndal-drakta. Eid spelte 90 minutt i 1–0 sigeren, men vart bytta ut på overtid.

PS! Daniel Eid er delt toppscorar i Sogndal med sine tre mål denne sesongen.