– Vi synest det er håplaust

Hjørungavåg-trenar Richard Hunstad har prøvd å halde det gåande med to treningar i veka, men kan fortelje at oppmøtet har vore svært varierande. Alle foto: Erik K. Heimdal 

Sport

Koronavirus-situasjonen har ramma breiddefotballen hardt og sjølv om samfunnet gradvis har opna opp, har ikkje dei som er over 20 år fått lov til å spele "skikkeleg" fotball med nærkontakt. 7ar-serien, som inneheld tre lokale lag, har naturlegvis også blitt påverka. I Hjørungavåg IL er dei frustrerte over situasjonen.