Overraskande bortetap i høgdramatisk kamp

Fredrik Aursnes og Molde tapte 1-2 for Sandefjord laurdag kveld.  Foto: Per Werkland

Sport

Fredrik Aursnes spelte frå start då Molde møtte Sandefjord på bortebane laurdag. Dette var ein kamp der Molde var store førehandsfavorittar, men det skulle ikkje bli enkelt for laget frå "Rosenes by".

Molde gjekk rett nok oppskriftsmessig i føringa etter 14 minutt, men det tok berre fire minutt før heimelaget hadde utlikna.

Utfordringane for Molde starta for alvor kort tid før pause. Då fekk den tidlegare Hødd-spelaren Fredrik Sjølstad sjå sitt andre gule kort og Molde måtte dermed spele heile andreomgangen med ti mann.

Aursnes hadde elles ei god moglegheit til å sende Molde tilbake i føringa, men avslutninga vart blokkert av forsvaret.

Utover i den andre omgangen gjorde Molde ei rekkje endringar i jakta på tre poeng og mellom anna kom Eirik Ulland Andersen inn for bortelaget.

Det skulle straffe seg for Molde å ha gjort alle sine byter, for mot slutten måtte Bjørnbak ut med skade og laget måtte avslutte kampen med ni spelarar på banen.

Heilt på tampen skulle også det eine poenget ryke. Eit innlegg vart slått ut i feltet og opp i handa på Fredrik Aursnes. Dommaren meinte det var nok til å blåse straffespark. Der scora Sandefjord og sikra tre poeng på heimebane.

Molde står dermed i fare for å tape ytterlegare terreng til Bodø/Glimt. Serieleiarane møter Strømsgodset søndag.