Måtte bryte NM

Toralv Opsal i Dimna IL  Foto: Arkivfoto

Sport

Denne helga har Dimna IL fire utøvarar som deltek i UM/NM i mangekamp på Fagernes.



Laurdag starta Toralv Opsal konkurransen svært bra, med 11,21 på 100-meter i motvind, skriv klubben på Facebooksida si.

Men etter at han hadde kome i mål, fekk Opsal krampe på baksida av låret. Han prøvde seg litt i lengde og kule, men krampa ville ikkje sleppe taket.

Dermed måtte Opsal avbryte konkurransen. Han deltok i seniorklassa i tikamp.

I dag søndag, blir det avgjort kva plassering femtenåringen Andrea Skaar Berg får til slutt. Etter øvingane laurdag låg ho på fjerdeplass. Andrea starta med 80 m hekk på 13,25 i motvind. I høgde fekk ho resultatet 1,41 meter. I kule sette ho personleg rekord og var best av alle med 9,61 meter. På den avsluttande 200 meteren fekk ho også kraftig motvind. Tida blei 28,13, ifølgje Dimna IL si Facebookside.

Søndag skal også Emma Hageselle og Birte Skeide i aksjon. Begge skal delta i firekamp i fjortenårsklassa.