– Kroppen var i skikkeleg underskotstilstand

Olger Breivik Pedersen kjende i fjor sommar at noko ikkje stemte, og etter Nordvest Maraton i august klarte han ikkje å kome tilbake i trening: - Eg har fått påvist fleire brot i bekkenet som følgje av stressreaksjonar, noko som er ei alvorleg skade. Eg sprang ganske lenge med ei ubehageleg kjensle og etter Nordvest Maraton i fjor, var kroppen i skikkeleg underskotstilstand.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Olger Breivik Pedersen er eit kjend namn for dei fleste som følgjer med på friidrett i lokalområdet. Løparen har svært gode tider både på heilmaraton med 2 timar og 31 minutt, og halvmaraton med 1 time og 11 minutt. 30-åringen, som snart fyller 31, hadde eit svært bra 2018 med gode prestasjonar, men dei siste 12 månadane har vore av det trøblete slaget.