Gode plasseringar i mangekamp

Dimna IL tok andre- og fjerdeplassen under UM i mangekamp på Fagernes.

Verdsmeister i høgde, Hanne Haugland, delte ute premie til Birte Sætre Skeide (til v) og Emma Hageselle.  Foto: Arve Hatløy, Dimna IL

Sport

Birte Skeide Sætre vart nummer to og Emma Hageselle nummer fire i fjortenårsklassa. Dei konkurrerte i firekamp: 60 meter, lengde, kule og 600 meter.

Birte fekk følgjande resultat: 60 m på 8,82 sek, lengde: 4,65 m, kule: 8 meter og 600 m:2.03,90. Totalt 2996 poeng.

Emma sine resultat vart slik: 60 m: 8,85 sek, lengde: 4,26 m, kule: 6,92 m og 600 m: 1.59,39. Totalt 2828 poeng.

Femten år gamle Andrea Skaar Berg var med i medaljekampen heilt til siste øvinga, fortel trenar Arve Hatløy. Men på den avsluttande 800-meteren fekk ho problem og måtte bryte. Fram til då hadde ho gått ein god mangekamp med ma personleg rekord i kule på 9,61 m og i spyd med 23,70 m.