To Høddspelarar på talentleir

Ørn Flø (til venstre) og Syver Skundberg Skeide er denne veka på talentleir i Porsgrunn.  Foto: Lønne Studio

Sport

To unge Høddspelarar er denne veka på ein talentleir i Porsgrunn, arrangert av fotballforbundet og Equinor sitt talentutviklingsprogram "Morgendagens helter".

Dei to er Ørn Flø (fødd i 2005) og Syver Skundberg Skeide (fødd i 2004). Dei to er plukka ut til å vere med, saman med rundt 150 andre fotballtalent.

- Eg har vore flink til å trene alternativt i koronaperioden. Eg har trent mykje åleine eller med nokre få kompisar, og eg har jobba mykje med teknikk, styrke og kondisjon, seier Ørn i ei pressemelding frå arrangøren.

Landsslagskolen til fotballforundet, som vert støtta av Equinor, handlar om å vidareutvikle dei beste fotballtalenta i Noreg. Målet er å få fram framtidas landslagsspelarar, og mange av dei som er med på talentleiren vil vere aktuelle for spel på ungdomslandslaget utover hausten.

- På denne leiren ser vi at spelarane veks ved at dei får trene saman med dei beste i si aldersgruppe. Dei får også rettleiing av nokre av dei mest kompetente trenarane her i landet. Dei to frå Hødd har verkeleg vist seg fram, og det er ingen tvil om at gutane har halde forma ved like i koronaperioden, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef Equinor Morgendagens Helter.

Leiar for spelar- og trenarutvikling i Norges fotballforbund, Håkon Grøttland, seier at arbeidet med å utvikle fotballspelarar er ein langsiktig prosess. - Vi er nøydde til å gje eit godt tilbod til dei spelarane som vil pushe seg sjølv for å kunne nå toppen. Vi har sett over tid at modellen vår med Landlagsskolen har gitt gode resultat, og fleire av dei som no er etablerte toppspelarar har vore innom modellen vår, seier Grøttland.

Frå Møre og Romsdal deltek også spelarar frå fotballklubbane Molde, Kristiansund og Aalesund.