Leiaren i sportsleg utval for toppfotballen (SU-topp) i Hødd:

- Shroot er Hødd-spelar

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til har SU-topp vore i dialog med Robin Shroot for å finne ei løysing på situasjonen som har oppstått mellom han og hovudtrenar Kevin Knappen.

Hødd-spiss Robin Shroot (t.v.) i duell med Eirik Franke Saunes på ei trening i forkant av Senja-kampen.  Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

- Saker som gjeld enkeltspelarar tek vi internt i klubben. Utover det har eg ingen annan kommentar, anna enn at vi er veldig godt nøgde med tre poeng i gårsdagens kamp mot Skeid. Fokuset framover blir å jobbe hardt saman som lag, sa ein ordknapp Hødd-trenar Kevin Knappen til Vikebladet Vestposten måndag.