Ny pers og klubbrekord på 5000 meter

- Det var vanvittig gøy å springe på Hareid i kveld, seier Ådne Andersen.  Foto: Jorulf Myrene

Sport

Ådne Andersen slo sin eigen rekord på 5000 meter så det song og forbetra den med vel 17 sekund under Sparebanken Møre 5000 meter som gjekk føre seg på Hareid stadion fredag kveld. Han sette samstundes ny klubbrekord for morklubben Dimna IL. Men tida på 14.04,27 heldt likevel ikkje til første plass, trass i eit solid løp. Ådne drog raskt ifrå tidleg frå start og låg i leiinga så å seie heile vegen. Men førsteplassen var det Eivind Øygard frå Jølster IL som tok, etter ein spurtduell på oppløpssida. Vinnaren kom inn på 14.01,42