Nordvest Maraton: Maratonmann frå Hjørungavåg overraska 

Raskast på heilmaraton: Ingar Richardsen Liaset var raskast av alle på den 42 km lange maratonløypa. – Det var gøy å springe på Hareid, seier hjørungavågaren, som i dag er busett i Oslo.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Sport

Ingar Richardsen Liaset overraska mange då han laurdag ettermiddag sprang inn til førsteplass på distansen 4,2 mil under Nordvest Maraton på tida 2.52,20, den sjette beste tida gjennom dei 30 åra løpet har vore arrangert.