– I dag var vi gode kampen gjennom

Tøff kamp i boksen under Alta sine dødballar, men Ole Monrad Alme og Hødd-forsvaret fekk rydda unna det bortelaget hadde å kome med.  

Sport

Etter å ha ropt instruksar i 90 minutt pluss tillegg, kunne ein lure på om Hødd-trenar Kevin Knappen ville ha stemme nok til å kome seg gjennom intervju etter 2–0 sigeren over Alta. Men med tre nye poeng og ein god Hødd-kamp i lomma var det ein svært blid trenar som dukka opp i pressesona.