Elsie og Sveinar vart klubbmeistrar

Premiering: Bjørn Julius Vattøy, Anders Oksavik, Sveinar Øvrelid, Trygve Sundgot, Elsie Hansen og Christer Mork vart premierte etter klubbmeisterskapet.  

Sport

I helga har Sunnmøre Golfklubb arrangert det årlege klubbmeisterskapet på den flotte niholsbana i Hovdemyrane. Der var det til slutt Elsie Hansen og Sveinar Øvrelid som var krona til klubbmeistrar etter ei helg med svært varierande vêr.