Flott innsats under Lerøyleikane

Utøvarane frå Hareid IL og Dimna IL som deltok under Lerøyleikane i Trondheim. Foto: Hareid IL 

Sport

Laurdag og søndag har friidrettsungdom frå heile Møre og Romsdal vore i Trondheim for å konkurrere mot friidrettskretsane frå Nord – Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark under Lerøyleikane. I troppen til Møre og Romsdal var det med heile seks utøvarar frå Hareid IL og fire frå Dimna IL. Hareid IL var dermed den klubben frå fylket som hadde med flest utøvarar!