Slik gjekk runden:

Fredrikstad fekk luke i toppen

Hødd klatra opp på ein femteplass etter 2-0 sigeren over Alta, medan Fredrikstad ordna seg luke på fem poeng etter å ha slått Fløya 6-0.  

Sport

Hødd slo til med ein svært solid 2-0 siger ov Alta heime på Høddvoll laurdag. Det gav samstundes Fredrikstad moglegheita til å feste eit endå fastare grep om førsteplassen i avdelinga.

Heime mot botnlaget Fløya gjorde heller ikkje FFK nokon feil og vann heile 6-0. Dei sikra seg dermed ei luke på fem poeng ned til Alta.

Hødd klatra opp til ein femteplass i avdelinga, berre to poeng bak Skeid på fjerdeplass, men det er tett bak Hødd og berre tre poeng ned til Vålerenga II på 10.

Runde 9:

Kvik Halden - Senja 5-1

Hødd - Alta 2-0

Moss - Skeid 2-5

Brattvåg - Eidsvold TF 4-2

Vålerenga II - Florø 3-1

Kjelsås - Tromsdalen 1-1

Fredrikstad - Fløya 6-0





Komande helg skal Hødd på tur til Eidsvold. Der må laget gjere noko dei ikkje har gjort så langt i år, nemleg å vinne bortekampar. Hødd har vore eitt av dei beste heimelaga i avdelinga så langt, men har berre det eine poenget på bortebane.

Neste runde:

Kvik Halden - Moss, Fredrikstad - Alta, Fløya - Brattvåg, Florø - Senja, Eidsvold TF - Hødd, Skeid - Tromsdalen, Vålerenga II - Kjelsås