Henta Karsten til Tsjekkia med privatfly - trur det kan ligge til rette for ny verdsrekord

Karsten Warholm blei henta til den tsjekkiske byen Ostrava med privatfly. Der skal han springe 400 meter hekk under det tradisjonsrike «Golden Spike»-stemnet.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes/Arkiv.

Sport

Arrangøren av tradisjonsrike «Golden Spike»-stemnet i den tsjekkiske byen Ostrava tysdag kveld henta Karsten Warholm og trenaren Leif Olav Alnes med eit privat jetfly. Det skriv VG (ekstern lenkje) måndag ettermiddag.

Jann Post, friidrettsekspert i NRK, meiner mykje no ligg til rette for at den 24 år gamle Dimna IL-utøvaren kan klare å slå Kevin Young sin 28 år gamle verdsrekord - på 46,78 sekund, skriv avisa.

– Det er mogleg på den bana i morgon kveld. Det er sett verdsrekordar der tidlegare. Usain Bolt har vore der. Bana er rask nok og stemnet er på høgde med dei beste i Europa. Dei ytre forholda vil vere betre enn dei var i Stockholm, seier Post til VG.

46,87 sekund blei tida til Karsten Warholm då han sprang inn til ein komfortabel siger på Stockholm Stadion 23. august i år - så han nærmar seg verdsrekorden.