Ser fram til oppgjeret mot Eidsvold TF førstkomande søndag:

– Vinnarkulturen vi har skapt no blir viktig å ta vare på

Under Kevin Knappen har Hødd knappast sleppt inn mål i årets seriespel. – Vi jobbar for kvarandre, noko ein ser resultatet av defensivt, og no også offensivt, seier forsvarssjef Jens Berland Husebø og målvakt Ole Monrad Alme.

Gler seg: Jens Berland Husebø (t.v.) har imponert stort på midtstopparplass, og målvakt Ole Monrad Alme har berre sleppt inn fem mål til no denne sesongen. Begge gler seg til oppgjeret mot Eidsvold TF borte på Eidsvoll søndag.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Hødd har sleppt inn berre fem mål på ni kampar denne sesongen – klart minst av alle laga i PostNord-ligaen avdeling 1. Nærmast kjem det suverene topplaget Fredrikstad, med åtte baklengs.