Trur ikkje det vert ny rekord i Berlin søndag, men:

- Verda har aldri sett ein betre løpar på 400 meter hekk enn Warholm

Sport

Oddsa for at Karsten Warholm skal setje ny rekord i 400 meter hekk i Berlin komande søndag ligg no på 2,15 hos tippeselskapet Betsson. Oddsen på at han ikkje greier det er 1,62. Det tyder at oddssetjarane meiner det er knapt 62 prosent sjanse for at verdsrekorden til Kevin Young vert ståande, opplyser tippeselskapet i ei pressemelding.