Hødd i ferd med å etablere seg på øvre halvdel

Jubel etter ei av Robin Hjelmeseth sine scoringar i 2-0 sigeren over Brattvåg. Foto: Per Werkland.  

Sport

Hødd sikra seg ein solid 5–1 siger over Eidsvold TF søndag. Det var sesongens første bortesiger, men med tre strake trepoengarar har dei blåkvite starta klatringa oppover på tabellen og har krympa avstanden opp til Alta. Fredrikstad vann sin tiande strake kamp i helga og ser ut til å vere på god veg mot direkte opprykk. Frå Hødd og opp til Kvik Halden på andreplass er det sju poeng.