Avlyser sesongen for breiddefotballen

Det blir dessverre lite å juble for i seniorfotballen på Hareidlandet denne sesongen. Fredag vart det klart at Norges Fotballforbund kansellerer breiddefotballen for vaksne.  

Sport

Norges Fotballforbund har fredag gått ut med meldinga om at det ikkje blir gjennomført sesong for 2.-divisjon kvinner og 3.-divisjon menn i 2020. Desse divisjonane er det forbundet som organiserer, medan det er dei ulike fotballkretsane som organiserer den øvrige breiddefotballen for vaksne. Fotballforbundet skriv vidare at det er ein naturleg konsekvens at også kretsane sine kretsvise seriar blir kansellerte.