No skal Karsten få deg til å pante

NATUR TIL LÅNS: Karsten Warholm brukar naturen mellom anna i treningssamanheng. Pressefoto: Jonatan Aune Bendixen, Pulse Communications 

Sport

Karsten Warholm er sentral i panteselskapet Infinitum sin nyaste kampanje. Warholm og selskapet innleia eit samarbeid før sommaren og 24-åringen blir no panteselskapet sin nyaste ambassadør. I ei pressemelding frå Infinitum går det fram at dei no rullar ut ein brei informasjonskampanje med Warholm i spissen.

Målet med kampanjen er å få nordmenn, som allereie pantar ni av ti boksar og flasker, til å verte endå eit hakk betre på panting.

– Vi går ut i alle kanalar med bodskapen om kor viktig det er å pante alt, og at ein boks eller flaske med drikkevare berre er til låns. Nordmenn er verdsmeistrar i panting, i dag pantast ni av ti flasker og boksar her til lands. Vårt mål er å få inn den tiande også, seier Randi Haavik Varberg, direktør for Informasjon og marknad i Infinitum i pressemeldinga.

Der seier Warholm at han er glad for å kunne bidra til endå meir panting.

– Å pante er å levere tilbake det du har lånt. Kvar einaste flaske og boks tel for å ta vare på naturen vår – som vi også berre har til låns, seier Warholm i pressemeldinga.