Snipsøyrvatnet rundt for 41. gong

God deltaking under den 40. utgåva av Snipsøyrvatnet rundt. Foto: Erik K. Heimdal.  

Sport

17. oktober er det klart for den 41. utgåva av Snipsøyrvatnet rundt. Løpet som er arrangert av Hareid IL går vanlegvis under Hareidsstemne-veka, men grunna koronapandemien er Hareidsstemna avlyst i år. Snipsøyrvatnet rundt blir det likevel.

Det om lag 12,5 kilometer lange løpet startar som vanleg på Bigset, før løparane legg ut på turen rundt Snipsøyrvatnet og kjem opp Røysetvegen på turen mot mål. På vegen skal deltakarane gjennom flott terreng, men også med nokre solide kneiker, der Ulsetbakken stikk seg ut som den tøffaste.


Laurdag ettermiddag gjekk den 40. utgåva av tradisjonsrike Snipsøyrvatnet rundt av stabelen:

- Det er nauta kjekt å ha eit slikt løp lokalt


Dersom du satsar på å knekke løyperekordane under årets løp, så er det framleis Oddbjørn Skogen som er mannen å slå. Ingen andre har kome seg gjennom løpet under 40 minutt, så Skogen sin løyperekord på 39:10 er ikkje enkel å slå. I 2019 var det Kristian Nedregård som var raskast og som sprang inn på 42:35. Under same løpet sprang Oda Wennemo inn til 49:14 og vart dermed andre kvinne under 50 minutt. Løyperekorden her er det Trine Pilskog som har, med sterke 46:41.

På løpet si side på Facebook skriv Hareid IL at ein vil kome tilbake med meir informasjon om mellom anna koronareglar.