– Vi skal vere på frå start

Ser bra ut: Eirik Franke Saunes er godt fornøgd med måten Hødd har levert på den siste tida og håpar at laget kan bygge vidare på dei gode resultata.  

Sport

Det har gått betre og betre for Hødd dei siste vekene. Etter å ha slite med å score mål tidleg i sesongen, trillar no ballen i nettet oftare og oftare. Med fire sigrar på rad har også dei blåkvite bite seg fast i toppen av avdelinga. Laurdag ventar botnlaget Fløya på bortebane. Det er ein kamp der Hødd er store favorittar, men Eirik Franke Saunes slår fast at ein ikkje kjem til å ta lett på oppgåva, sjølv om Fløya berre har eitt poeng denne sesongen.