– Vi kom hit for å vinne

Robin Hjelmeseth leverte både mål og assist på Fredrikstad Stadion laurdag ettermiddag. Her frå ei målfeiring ved eit tidlegare høve.  Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Spiss Robin Hjelmeseth har vore i fyr og flammar den siste tida, og heldt fram med å levere målpoeng også laurdag ettermiddag då Hødd reiste til Fredrikstad for å spele sesongens første sluttspelkamp. FFK stod utan poengtap hittil i sesongen, men den rekka vart stoppa av eit Hødd-lag i storform laurdag ettermiddag.