– Det var eit slag i magen

Hødd-spelarane har vore gjennom ein svært rar fotballsesong. Spesielt for spelarane som er 20 eller eldre har 2020 blitt eit spesielt fotballår.

Ragnhild Ertesvåg har både vore spelar og ein del av trenarteamet til Hødd-damene denne sesongen. Ho og Andrea Storøy Rødseth fortel at det vart eit sjokk for spelargruppa då dei mista hovudtrenar Robin Shroot.  

Sport

– For heile fotballnorge så vart dette ein utruleg spesiell situasjon. Vi såg håp i enden av tunnelen kvar gong dei opna opp igjen litt i samfunnet, men breiddefotballen kom aldri. Det har vore ei utruleg rar tid, men vi har måtte delta i landet sin felles dugnad på lik linje med alle andre, fortel Ragnhild Ertesvåg, som i tillegg til å vere spelar også har vore med i trenarteamet til Robin Shroot.