Loddar interessa for eFotball

Hasundgot IL vil vite kor mange som er interesserte i eFotball-satsing.

eFotball: Hasundgot IL vil vite om det er mange lokalt som er interesserte i eFotball. Illustrasjonsfoto: Mélanie These/Unsplash 

Sport

På sine nettsider har Hasundgot IL nyleg lagt ut ei spørjeundersøking der dei vil finne ut om det er interesse for å starte opp ei eFotball-satsing i Ulstein kommune. Idrettslaget skriv at dette vil vere eit tilbod får både gutar og jenter, uansett alder.