Hødd dominerte, men slokna fullstendig

HØDDVOLL: Hødd var det klart beste laget før pause, men fekk berre med seg ei scoring i førsteomgangen. To gåvepakkar frå heimelaget sørga for at Skeid kunne snu oppgjeret tidleg i andreomgangen.

Så nære var Hødd scoring allereie etter halvanna minutt, men Skeid fekk klarert på streken.   Foto: Per Werkland.

Sport

Hødd fekk med seg tre sterke og viktige poeng frå den vanskelege bortekampen mot Fredrikstad sist helg. Søndag kom Skeid på besøk til Høddvoll. Hødd vann 1–0 då laga møtte kvarandre tidlegare i sesongen, men då måtte ein ha ei sein scoring frå innbytar Bendik Engen for å avgjere. Denne gongen vart Skeid møtt av eit Høddvoll der lett snø kransa dei omliggande fjella og med trugande byer i horisonten.