- Eg er tilbake

Melder seg klar: Jens Husebø har gått glipp av dei fire siste Hødd-kampane med skade. No melder midtstopparen seg klar til spel og håpar å kunne bidra borte mot Tromsdalen. Foto: Andreas Bjerknes 

Sport

Jens Husebø har hatt ein svært god sesong i midtforsvaret til Hødd. Han spelte 11 kampar i strekk, men etter ein smell under 4–0 sigeren over Vålerenga 2 har ikkje stopparen vore å sjå i kamptroppen. Husebø har dermed gått glipp av dei fire siste Hødd-kampane, men no håpar stopparen å kunne bidra for laget igjen.