Seriefinale mot Volda måndag kveld

Hareid sitt G19-lag har allereie sikra seg andreplassen i 2.-divisjon, men kan også gå heilt til topps.

Møter Volda: Andreas Nesset er toppscorar for Hareid sitt G19-lag saman med Sebastian Hansen Bjørlykke. Begge står med fem mål. Måndag møter laget Volda til seriefinale i 2.-divisjon. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Måndag kveld blir det ein rein seriefinale i 2.-divisjon G19, når Hareid tek imot serieleiarane frå Volda. Hareid kan knipe førsteplassen, men då må heimelaget vinne klart.