Endeleg heimekamp

Laurdag spelar Hødd/Bergsøy heime i Ulstein Arena, etter å ha starta sesongen med fem strake bortekampar.

Første heimekamp: Hødd/Bergsøy vann begge sine kampar i J20-serien sist søndag og klatra heilt til topps i avdelinga. Denne helga spelar laget endeleg sin første kamp i Ulstein Arena. Foto: Hødd Handball 

Sport

Samarbeidslaget har fått ein svært god start på sesongen i J20-serien med fire sigrar og ein uavgjortkamp. Hødd toppar dermed tabellen enn så lenge, men på noverande tidspunkt er det fleire lag som har spelt ein del færre kampar enn Hødd/Bergsøy.