– Det betyr frykteleg mykje for klubben

IL Hødd Fotball har søkt om nærare 3,5 millionar kroner frå tre krisepakkar. Så langt har klubben fått 1,2 millionar, med det er før ein får svar på sin tredje søknad, der Per Arve Moldskred og Hødd Fotball håpar på ytterlegare 800.000 kroner i kompensasjon.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

IL Hødd Fotball har søkt om nærare 3,5 millionar kroner i tilskot gjennom dei tre krisepakkane for frivilligheita. Så langt har klubben fått tilslag på om lag 1,2 millionar, men det er før ein får svar knytt til søknadane i tredje krisepakke.