Lokaloppgjer mot Brattvåg laurdag - må ha tre poeng

Skal Hødd ha nokon som helst sjanse på andreplassen – må tre poeng innkasserast mot Brattvåg.

Spanande: Hødd-trenar Kevin Knappen ser fram til lokaloppgjeret mot Brattvåg heime på Høddvoll laurdag.   Foto: Erik K. Heimdal.

Sport

Med tapet mot Tromsdalen borte sist (3-2), blei luka opp til Skeid på den kvalifiseringsgivande andreplassen utvida til fem poeng. Hødd har før kampen mot Brattvåg 29 poeng – Skeid har 34, og dei blåkvite må difor vinne i alle fall to av sine tre siste sluttspelkampar – medan Skeid helst bør tape alle sine siste tre. Den teoretiske moglegheita for at så skjer er der, men det er ikkje spesielt sannsynleg.