To nominerte frå Hareidlandet

Therese Falk er nominert i dameklassen. Ho sette tidlegare i haust ny nordisk rekord då ho sprang 25 mil på eit døgn.  Foto: privat

Sport

No kan du røyste på kven som er årets Friidrettsutøvar. På grunn av smittevernreglane blir det ikkje Friidrettsgalla i år, men Friidrettsforbundet synest det er på sin plass å gjere stas på nokre utvalde etter eit fantastisk 2020. Resultata har vore gode, og det er stor stas å sjå kva Norsk Friidrett har utretta i eit utfordrande år.