Må avlyse Grendacupen

Hareid IL håpar å få arrangert ei turnering i Hadarhallen for dei som er 20 eller yngre.

Den tradisjonsrike Grendacupen blir ikkje arrangert i 2020, men Hareid IL håpar å få til ei alternativ romjulsturnering for spelarar som er 20 år eller yngre i den nye Hadarhallen.  

Sport

Etter 26 strake år med Grendacupen er det no klart at 2020 går utan den tradisjonsrike turneringar i Hareidhallen. Det stadfestar Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid IL.

Kalvø Vattøy og Hareid IL satsar på at Grendacupen vil kome sterkt tilbake i 2021, men ein jobbar med å få til ei romjulsturnering også i år.

– Vi har planar om å arrangere ei turnering for dei som er 20 år og yngre, inne i Hadarhallen, fortel Kalvø Vattøy.

Hareid IL ønskjer å få gjennomført denne turneringa på dei same datoane som Grendacupen vanlegvis blir arrangert, det vil seie 28. og 29. desember, men vil truleg gå under eit anna namn.

Hareid IL satsar på å kunne gjennomføre turneringa med eit avgrensa publikum til stades.