Opnar opp att for handballen

Før helga vart den regionale kampaktiviteten lagt på is, men no opnar Region Nord for at Hødd og dei andre laga i regionen igjen kan gjennomføre seriekampar.  

Sport

Før helga kom det melding frå Norges Handballforbundet om at all regional kampaktivitet vart frose inntil vidare og at ein ville kome tilbake med nye retningslinjer denne veka. Måndag var beskjeden at det ville vere opp til dei ulike regionane om korleis ein vil handtere den regionale kampaktiviteten vidare.