Brå sesongslutt for Hødd

Hødd hadde igjen to kampar av 2020-sesongen og skulle laurdag spele borte mot Alta, men på grunn av stigande smittetal fleire stadar i landet, mellom anna i Alta, vart kampane kansellerte.  

Sport

Fotballsesongen er i innspurten og for Hødd sin del stod det att to kampar, borte mot Alta og heime mot Kvik Halden. Men med ein oppsving i koronasmitte over store delar av landet, og med eit stort utbrot i Alta dei siste dagane var Hødd-trenar Kevin Knappen onsdag usikker på om det kom til å bli noko av bortekampen laurdag.