Hødd-sesongen er over

Preben Sætre scorar mot Alta på Høddvoll tidlegare i år. Det får han ikkje høve til å gjenta på bortebane, for no er Hødd sine to siste sluttspelskampar avlyst.   Foto: Per Werkland

Sport

Norges Fotballforbund har torsdag gjort vedtak om at sesongen i 2.-divisjon avdeling 1 er over. Dette på grunn av koronasituasjonen i Norge med lokale utbrot ei rekkje stadar. Det gjeld mellom anna Alta, der Hødd skulle spele bortekamp til helga.