Arrangerer Sparebanken Møre-leikane

Dimna IL inviterer til innandørsstemne i Ulsteinhallen, men det blir eit annleis stemne enn tidlegare arrangement.

Stemne: Det blir friidrett i Ulsteinhallen 28. november. Dimna IL arrangerer Sparebanken Møre-leikane også i år, men grunna omsyn til smittevern blir det eit annleis arrangement med tidlegare og stemnet vil gå utan publikum til stades i hallen. 

Sport

På sine nettsider skriv Dimna IL at det blir Sparebanken Møre-leikane også i år. Dette har ein kome fram til i samråd med kommunelegen i Ulstein.