– Eg trur det blir viktig med eit avbrekk no

Kevin Knappen kan sjå tilbake på ein spesiell førstesesong som hovudtrenar i Hødd.

På Høddvoll: Kevin Knappen har vore gjennom sin første sesong som hovudtrenar i Hødd. Den blei heilt annleis enn det nokon såg føre seg då Knappen tok til i jobben.  

Sport

Hødd-sesongen 2020 er over. Etter tapet borte mot Tromsdalen vart dei to siste sluttspelkampane kansellerte og tydeleggjorde berre endå meir kor uvanleg sesongen har vore.