Mange på utgåande kontrakt

Denne veka har Hødd sine siste fellestreningar i 2020. Så langt er det berre fire spelarar som har kontrakt for neste sesong.  

Sport

Med 2020-sesongen bak seg kan Hødd byrje å sjå fram mot 2021. Før ein kjem så langt har klubben ein jobb å gjere med fornying av kontraktar. Per i dag er det berre fire spelarar, Martin Mork Breivik, Isak Skotheim, Ramzi Touré Idrissou og Paul-Henri Moussinga Mouassou som har kontrakt i 2021.