Friidrettsstemne i to delar

Det blir innandørs friidrett i Ulsteinhallen laurdag. Då arrangerer Dimna IL Sparebanken Møre-leikane, men denne gongen må stemnet gå utan publikum.   Foto: Joakim Rødven/Arkiv

Sport

Laurdag inviterer Dimna IL til sesongens første innandørsstemne, under Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen.

På grunn av omsyn til smittevern er stemnet delt i to, der dei yngste deltakarane (frå 11–13 år) konkurrerer først. Deretter blir hallen tømt for utøvarar, før dei eldste utøvarane får sleppe til.

Grunna strenge smittevernreglar er det berre 50 deltakarar (inkludert trenarar) som kan ta del til ei kvar tid. Dermed er det heller ikkje rom for å opne for publikum under årets stemne.