Lite stemne med store resultat

Laurdag arrangerte Dimna IL Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen. Stemnet måtte delast i to som følgje av smittevernreglar og tak på kor mange som kan vere i hallen på same tid. Her køyrer gutane koronahelsing etter 60 meteren.  

Sport

Laurdag starta innandørssesongen i friidrett lokalt med Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen. Arrangørklubben Dimna IL måtte denne gongen dele stemnet i to, eitt for utøvarar frå 11–13 år og eitt for dei som er 14 år og eldre. Dette fordi ein berre kan vere 50 deltakarar til stades i hallen på same tid.