- Vanskeleg å arrangere det alle har rett til å kunne forvente av løpet

Leiar i Hareid IL si friidrettsgruppe, Odd Erling N. Eriksen, seier at dei kunne arrangert Grimstadvatnet rundt - men at det ikkje ville blitt det løpet alle er vante til og har blitt glade i. Her frå oppropet før Snipsøyrvatnet rundt i 2019.  Foto: Arkiv

Sport

Måndag ettermiddag kom nyheita om at vinterkarusellen Grimstadvatnet rundt 2020/2021 blir avlyst. Det betyr at det ikkje blir noko av 40-årsjubileet til det tradisjonsrike løpet.