Neste år kan du sikre deg KM-tittel på Hareid

Nordvest Maraton 2021 har fått KM-status, skriv arrangørane av løpet på sine facebooksider. Løpet er planlagt til 21. august 2021.   Foto: Jorulf Myrene

Sport

Laurdag 21. august skal Nordvest Maraton arrangerast på Hareid. Det er framleis ei god stund til, men denne veka kunne arrangørane i Hareid IL kome med spanande nyhende.

For i 2021 er det ikkje berre siger på heil eller halv maratondistanse, men også KM-medaljar ein kan springe for.

På facebooksida Hareid IL Nordvest Maraton går det nemleg fram at løpet har fått KM-status i 2021, noko som gjeld både den halve og heile distansen.

"Kanskje er det også eit steg på ferda mot å arrangere NM ein vakker dag?", skriv Hareid IL Nordvest Maraton på facebook.

Dei slår samstundes fast at sjølv om det skal delast ut KM-medaljar under Nordvest Maraton 2021, så vil ikkje det bety at ein ikkje ønskjer deltaking også frå deltakrar som kjem frå andre delar av landet.

"Men det blir ei ekstra gulrot for dei som soknar til Møre og Romsdal", skriv Hareid IL.