12 lag skal kjempe om gull i Hadarhallen

Måndag er det klart for Romjulscup i Hadarhallen.   Foto: Erik K. Heimdal.

Sport

Måndag 28. desember er det klart for Romjulsturnering i Hadarhallen. Vanlegvis ville både 28. og 29. desember blitt brukt til å arrangere Grendacupen i Hareidhallen, men den tradisjonsrike innandørsturneringa måtte i år ta ei pause.

I staden har Hareid IL tatt i bruk den flotte, nye fotballhallen i Hareid og arrangerer no fotballturnering for spelarar opp til 20 år. 12 lag er registrerte og fordelt på to grupper, ei for dei fødde frå 2000 til 2004 og ei for dei som er fødde mellom 2005 og 2008.

På sine nettsider skriv Hareid IL at ein deler turneringa i to, der den eldste gruppa spelar ferdig sine kampar først, før dei yngste får ta over hallen utpå ettermiddagen.

Turneringa blir gjennomført med eit innleiande gruppespel, før dei fire beste laga går vidare til semifinale og deretter finale.

I den eldste puljen stiller "G00", "Sande", "Hasundgot/Haddal", "Liggeunderlaget", Benduskhan FC", "Jena's disipler".

I den yngste pula er det "Bare spille ball", "Silenzers", "DreamTeam08", "Rebounds", "Foster Care FC", "Grandagutta" som skal gjere opp om romjulscuptroféet.

Her kan du sjå heile kampoppsettet.

Grunna smittevernomsyn kan ikkje arrangørane sleppe inn publikum under turneringa.