Fem på rad for Therese Falk

Den ferske Hareid-utøvaren er Årets Ultraløpar i Norge.

Therese Falk fekk i år prisen som Årets Ultraløpar i Norge for femte år på rad. Foto: Privat. 

Sport

Det er Ultraløpsutvalget i Norges Friidrettsforbund som deler ut prisen Årets Ultraløpar. I år var det Therese Falk (Hareid IL) og Tobias Dahl Fenre (Siljan IL) som fekk utmerkinga. For Falk sin del var det for femte året på rad og det understrekar ytterlegare den posisjonen ho har som norsk ultraløpsdronning.

I år har Falk mellom anna slått til med norsk og nordisk rekord på 24-timarsløp. Den sette ho under 24 hours in Hell, då Falk sprang imponerande 251,452 kilometer. Det var også den nest beste prestasjonen på 24-timarsløp i verda i 2020!

Ifølgje Kondis.no vann ho også Bømlo Ultrafestival, sette løyperekord i Møkster Ultra, vann Skövde 6-timmars, Ringerike 6-timers og Kick-Master Ultra.

– Eg set svært stor pris på anerkjenninga det er å bli kåra til årets ultraløper 2020. Sjølv om det er femte året på rad er det slett inga sjølvfølgje, eller noko eg ikkje verdset. For det gjer eg verkeleg! Ultraløping er meir enn ein idrett, det er også ein livsstil. Og for dei fleste av oss som driv og spring lengre enn langt er det viktigaste meistringsfølelse vi erfarer, og som vi tar med oss inn i livet elles. Eg trur svært få ser på treninga som "ein jobb som må gjerast, men som vi eigentleg hatar" fordi vi vil bli best. Vi driv med det fordi vi likar det, og fordi vi blir litt betre menneske av det, seier Therese til Kondis.no.

Falk har tidlegare representert Romerike Ultraløperklubb, men i haust melde Falk overgang til Hareid IL.





791 kilometer på 22 dagar

I desember deltok Therese Falk i Hagemanns primtalløp og gav seg ikkje før etter 22 dagar.

Då var det berre Falk og den tidlegare handballspelaren Frank Løke som framleis var med i konkurransen.

Hagemanns primtalløp startar med to kilometer på dag éin, og blir deretter lenger og lenger for kvar dag deltakarane held ut. Etter ti dagar var dei oppe i 29 kilometer per dag og på dag 20 var dei oppe i 79 kilometer per etappe.

Therese Falk fullførte 22 dagar og avslutta med ein etappe på 79 kilometer, noko som sørga for at totalen hennar i konkurransen enda på 791 kilometer i løpet av 22 dagar.

Frank Løke fullførte også dag 23 med 89 kilometer og gjekk til topps i konkurransen.

Falk vart i haust stemt fram som årets kvinnelege friidrettsutøvar i Norge. Dette mellom anna på bakgrunn av sin norske og nordiske rekord på 24-timarsløp, der ho sprang over 251 kilometer på 24 timar.