Må utsetje elitestemne i Ulsteinhallen

I slutten av januar planla Karsten Warholm å invitere til sitt tredje elitestemne under eige namn i Ulsteinhallen. No er det klart at stemnet blir utsett, men at ein håpar å finne ein ny dato for Karsten Warholm International.  

Sport

29. januar skulle den tredje utgåva av Karsten Warholm International etter planen verte arrangert i Ulsteinhallen. No er det klart at stemnet ikkje kan arrangerast som planlagt, men arrangørane håpar å finne ein ny dato for elitestemnet. Sunnmørsposten omtalte saka først.